Ulstein Betongindustri

Ulstein Betongindustri AS er eit moderne og framtidsretta industrikonsern, med hovudmarknad innan bygg- og anleggsbransjen og betongflåteproduksjon.

Ulstein Betong har eigen betongblandestasjon i Haddal i Ulstein kommune. Det er produsert ferdigbetong ved denne stasjonen sidan 1965. Jamnlege oppgraderingar av anlegg og fokus på kvalitet for produkt og produksjon har resultert i ein solid posisjon i marknaden.

Stor kapasitet i produksjonen, moderne utstyr for betongpumping og betongtransport sikrar kundane levering av alt frå sprøytebetong til jordfuktig betong i både store og små prosjekt. Vi leverer sand, singel, stein til utbyggingsprosjekter regionalt og lokalt i Ulstein, Hareide og omegn.

Ulstein Betong har pr. dato 2 betongpumpebilar, 2 kombibilar (pumpe/betongtrommel) og 5 betongtrommelbilar i drift.
Største pumpa har rekkevidde på inntil 40 meter.

01.01.2013 vart alle verksemdsområda i Ulstein Betongindustri plasserte i eigne selskap med eigne styrer, daglege leiarar og tilsette. Dette for å reindyrke dei ulike aktivitetane marknadsmessig, økonomisk og administrativt. Ulstein Betongindustri vart då morselskap i konsernet, med 100% eigarskap i dotterselskapa.

Ulstein Betongindustri skal i si verksemd utvikle, marknadsføre, produsere og levere betong, betongkonstruksjonar og tilleggstenestar som naturleg høyrer med, til ein marknad som verdset kvalitet, funksjonalitet og kundetilpassing.

Organisasjonen skal bygge sitt virke rundt verdiar grunnleggarane la til grunn for sunn og ansvarleg forretningsdrift.

Ulstein Betongindustri skal leve og virke med klare mål om å

- vere til å stole på
- vere tydelege og opne i all kommunikasjon
- syte for at tilsette har det triveleg
- vere positive og løysingsorienterte i møte med omverda

 

Kontaktpersoner:

Erlend Haugsbø

Daglig leder

+47 996 39 496
E-post

Er dette din bedriftsprofil? Klikk her for å endre