Sula Bedriftsteneste AS er ei bedrift som gir eit tilrettelagt arbeid til personar som elles ikkje kan nytte seg av den ordinære arbeidsmarknaden.
Forretningsideen til Sula Bedriftsteneste er å skape tilrettelagte arbeidsplassar. Gjennom blikk for den enkelte medarbeidar, og produkt av høg kvalitet, skapast stolthet av det vi får til saman. Vi tek samfunnsansvar og håpar å bidra til ein meir meiningsfylt og enklare kvardag for dei som jobbar hjå oss.
Sula Bedriftsteneste er eit kommunalt aksjeselskap, og har i heile tida hatt avtale med NAV for tilrettelegging av arbeid med ulike arbeidsoppgåver og arbeidstrening.
Bedrifta har 4 avdelinger:
- Vaskeri
- Sy og Seil
- Maritim Produksjon
- Miljø og Brensel